onsdag 10. mars 2010

Skammarens dotter.

Eg har ikkje lest så mange nynorsk bøkar i mitt liv, det innrømmer eg. Det er ikkje noko spesiell grunn til dette, eg las berre det som virke interessant og det er ikkje nødvendigvis nynorsk eller bokmål for den saks skyld.  

Men det er noe med nynorsk bøkar som virke avskrekkande. Eg jobbar i bokhandel og eg merkar at det er vanskeleg å selje bøkar som er skrivi på nynorsk, eg skjønnar ikkje kvifor. Nynorsk er ikkje så vanskeleg som folk skal ha det til. Er det verkeleg så skremmande at ord sluttar på -ar eller -ande? Eg trudde det skulle meir til for å skremme vaksne menneska.


Men over til poenget, kva for ein nynorsk bok har eg las?

Da eg var liten blei eg introdusert for ei bok som heit: «Skammarens dotter» av Lene Kaaberbøl. Boka handlar om Dina, som er dotter av byens Skammar. Ein skammar har ein fantastisk gave. Dersom du ser ein inn i øynane vil dei tilstå kriminelle handlingar, eller svare på kva for spørsmål skammaren lurar på.

Denne boka har fått mange gode tilbakemeldingar, særleg frå publikum. Den er veldig spennende , og ein verkeleg 'page-turner'. Eg las den da eg var 9-10 år gammal og hugsar den framleis. Det skal mykje til for at ein bok skal treffe såpass hos ei så lita jenta og fortsette å vere det når ho er 18. Det er berre dei veldig gode forfattarane som får det til, og Lene Kaaberbøl er ein av dei.

Det er synd at så få vil lese denne boka ettersom den er skrivi på nynorsk

Kjelder:

Bilde: http://www.samlaget.no/_upl/prodbilete/9788252166941.jpg

http://www.bokkilden.no/SamboWeb/produkt.do?produktId=135656&rom=MP