tirsdag 3. november 2009

Litteratur i debatt

Oppgåve: 

Georg Brandes krev at litteraturen må sette problem under debatt. Kva problem meiner du at litteraturen i vår eiga samtid bør debattere?


Litteraturens oppgåve er å underhalde, men også å opplyse. I den siste tida er det mye tullete litteratur til seld, og svært lite som faktisk tar opp samfunnskritiske spørsmål. Det er framleis mange tabubelagte emna som treng å diskuterast og å bli handtert. Ibsen var ein pioner i hans tid når det gjeld tabubelagte områda. I «Gengangere» frå 1881 tek han opp tema som skilsmisse, barn utanfor ekteskapet, incest, aktiv dødshjelp og syfilis.


Eg saknar den slags litteratur i dagens samfunn. Litteratur som tør å utfordre det kontroversielle, og å bryte ut frå det «forbodne». Sjølv om mange av emna i «Gengangere» ikkje er forbodet i dag, er det framleis noko emna som treng oppfølging. Her snakkar eg ikkje om skilsmisse eller barn utanfor ekteskapet, men heller incest og psykisk og fysisk mishandling av barn. Dette er noko som hender kvar dag i fleire heim i Noreg, men som det ikkje blir gjort nok med. Det er mogleg at dette er fordi emnet ikkje er godt nok dekket i media eller litteraturen. Det er og mogleg at barna føler seg aleine ettersom dei ikkje har noko og samanlikne seg seg sjølv med, dei ikkje veit at det er ulovleg det som hender med dei.


Det er sjølvsagt ikkje barna sin skyld at dei ikkje har lært seg at det er ulovleg, det er her dei vaksne må ta ansvar! Dette må diskuterast og bringast ut i søkjelyset – folk må skjønne at dette er nokre som hender med barn over heile verda til og med i Noreg.


Om dette er eit emne som burde diskuterast i bokform er kanskje ikkje så sikkert. Det blir publisert rundt 3000 bøker i Noreg vert år. Det skal mykje publisitet til frå eit forlag før denne boka blir ein hit, og det kjem an på om forlaget er villig til å promotere ein tabubelagt bok dei kanskje kjem til å bli hetsa for. Då er det kanskje enklare å publisere ein avisartikkel som det er garantert at fleire vil lese. Det er også ein større sjanse for at ein avis vil publisere ein provoserande artikkel som seld.


Sjølv om det er slike emna man burde diskutere, så er det ikkje alltid dei som provoserer. Ein av dei mest omtalte i norsk media og kanskje ein av dei mest hetsa er Prinsesse Märtha Louise. Hennar bøker om englar og aurar og ikkje minst engleskola hennar har skapt store overskriftar. Dette er nokre man ikkje snakkar om, noko som ikkje eksisterer – nesten slik som dårlege ekteskap ikkje eksisterte for 100 år sida. Det er mange observasjonar – både vitskapelege og personlege - om paranormal aktivitet. Kva veit vel vi?. Kanskje det eksisterer englar og spøkelser og at vi blir om 100 år ledd ut fordi vi var så dumme at vi ikkje så det som låg rett framfor nasetippen vår.


Her er eit utdrag frå ein engelsk oppsetjing av Ibsens Gengangere (engelsk tittel: Ghost). Dame Judy Dench og Kenneth Branagh spiller hovudrollene. Utdraget er frå avslutninga.


Kjelder:

http://no.wikipedia.org/wiki/Henrik_Ibsen

http://upload.wikimedia.org/wikipedia/no/e/ea/Ibsen.jpg


1 Kommentarer:

Klokken 11. november 2009 kl. 04:46 , Blogger Ingunn sa ...

Eg er nok tilbøyeleg til å tru at mens Ibsen var framtidsretta, så er Märtha heller fortidsretta... men det er sjølvsagt fullt mogeleg at eg tek feil. Bra innlegg!

 

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden