tirsdag 1. september 2009

Are Kalvø.

Are Kalvø er ein forfattar, Stand-up komikar og satirikar, og sist veke var han gjest her på skulen med ein forelesning. Han er kanskje mest kjent som programledar i «Hallo i uken» på p3, men han er også kjent for sine artige og satiriske kåseri. Sjølv seier han at han berre driv med tull og tøys, og grunnen til at han har gjort det så bra er fordi han skriv på nynorsk. Folk tek han så mykje meir seriøst da, og han framstiller seg sjølv som meir intellektuell. Kalvø brøyt ned alle fordommar mot nynorsk, og faget blei faktisk meir morosamt når han snakka om det.
Han snakka om tema som han meinte er viktig for norskundervisninga vår og han tek opp spørsmål som alle norsk-lærar stiller, slik som; «Kva er dei språklege verkemidlane?» og «Kva er så bra med litteratur?». Kalvø svarte humoristisk og bra på alle spørsmåla, bortsett frå det siste som han sjølv ikkje kunne svare på. Eit tema som interesserte han sjølv var tradisjonar i Noreg, og han forelas om gamledagar, litt gamledagar og nyare dagar – i Noreg. Han gjorde narr av blant anna bunad-skikkar, bygdefolk og byfolk. Han hadde også nokre morosame imitasjonar av blant anna Jan-Thomas, Kong Harald og Jens Stoltenberg.
Eg likte forstillinga svært godt. Den var veldig morosam ettersom eg likar den satiriske humoren til Are Kalvø. Han fekk heile publikum med seg, og alle lo. Han hadde sjølvironi og spilte litt på det, noe som gjorde det enda meir morosamt. Eg vil gje forstillinga ein 5-er på terningen, og håper vi får fleire slike besøk ved skulen.

Biletene er tatt frå: Ingunn si Blogg og flickr.

0 Kommentarer:

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden